Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Delfin på Straumshamn


* Ein springar på Straumshamn. Ikkje rart den likar seg i så vakre omgivelsar. Foto: Oddbjørn Følsvik.

Dei siste dagane har ein nysgjerrig og selskapssjuk liten delfin underholdt båtfolk i Ulstein, Ørsta og Volda. Onsdag tok delfinen turen til Straumshamn.

Oddbjørn Følsvik observerte delfinen ved småbåthamna på Straumshamn onsdag føremiddag. Seinare på dag tok Følsvik turen igjen, denne gongen med kamera. Delfinen, eller springaren som Følsvik kallar den, er svært leiken, og kom heilt bort til båtripa for å vise seg fram.
- Turen vart heilt utanom det vanlege, seier han.

* Springaren var av det selskapssjuke slaget, og kom heilt bort til båtripa for å helse på. Foto: Oddbjørn Følsvik.

Gulflankedelfin
Det er særleg i kystmiljøa at ordet "springar" vert brukt for delfinane som fins langs norskekysten. Springarane utgjer rundt 100.000 individ totalt i norske farvatn. Dei to vanlegaste artane her til lands er kvitnos og kvitskjeving, mens den som har oppholdt seg på Sunnmøre dei siste dagane truleg er ein gulflankedelfin, eller vanleg delfin. På Havforskningsinstituttet sine nettsider vert det opplyst at denne typen delfin gjerne kjem på besøk til Noreg på grunn av innstrauming av varmt vatn i Nordsjøen. Dei vert sett på som tilfeldige gjestar. Vanlegvis kjem dei i flokkar. Hovudflokken består av ei større gruppe hanner og hoer som lev i ulike flokkar i kortare tidsrom. Mødre og døtre lev i same flokk heile livet, mens mora støter frå seg sønene sine etter om lag eitt år.
Gulflankedelfinen kan verte drøyt to meter lang og veg om lag 80 kilo. Øvst på ønskelista når det gjeld mat står fisk og blekksprut.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.