
Mykje folk møtte fram under årets traktortreff. Foto: Elias Sætreås.
Det er utruleg til engasjement i den vesle bygda Innselset med vel 20 fastbuande personar. I år arrangerte dei traktortreff på sjuande året, og folk i alle aldrar fann vegen for å kike.
På plassen ved Innselset grendahus, tidlegare Innselset skule, var det oppstilling av ulike traktorar med reiskap. Det vart servert rømmegraut på treffet, og utpå dagen vart det køyrd kortesje ut til Aksnes. Kvelden vart avrunda i Myre-lødå, med musikk og song.
Sjå fyldig reportasje i Møre fredag 3. august.
