
* Skisse som syner korleis Heltne ser føre seg utnytting av området. Skissa er produsert av Unikus. (Sjå fullstendig skisse i Møre 31.07.12)
Grunneigar Henning Heltne vil gjere om 40 dekar bandlagt areal til 150 bustader ved Årneset.
I innspel til kommuneplan for E39 kjem grunneigar Henning Heltne med framlegg om å omgjere bandlagt areal på Heltne til 150 bustader.
Kommuneplan
Heltne viser til kommuneplan for E39 som ligg ute til fyrste gangs høyring no.
- I kommuneplan frå 2010 så er det omtalte arealet på bruket gbnr. 20/1 bandlagt i påvente av traseval for E39. No når arealbruken i det bandlagde området skal konkretiserast og avgjerast ved kommuneplan E39, så ynskjer vi at areal tilhøyrande gbnr. 20/1 skal fargast gult i kommuneplanen og nyttast til bustader, forklarer Heltne i søknaden. Han har fått utarbeidd eit førebels plankart som viser ei tenkt utnytting av arealet.
Leikeplassar som buffer
- Det vil bli eit felt på om lag 40 dekar med plass til kring 150 bustader. Det er ynskjeleg med eit godt sammarbeid med naboar og kommune, og leikeplassane er forsøkt lagt som buffersone mot eksisterande busetnad. Det er dessutan lagt inn eit stort parkområde mot badeplassen på Årneset og Rotevatnet, og det vert også føreslege at strandlinja langs Rotevatnet vert lagt som friområde, opplyser Heltne. Han held fram at feltet seinare enkelt kan utvidast mot aust og Vikebygda, samt mot det nye byggeområdet ved Midttun i vest.
