
* Marna Haugen frå Ørsta er busett i Oslo der ho jobbar for Beth's Beauty. 21. juli fekk ho i oppdrag å legge ein plekternagl på ein gitarist. Lite visste ho at det var "The Boss", Bruce Springsteen, som venta på ho backstage på Valle Hovin. Foto: komikerfrue.no.
Ørstingen Marna Haugen fekk eit uventa møte med "The Boss", Bruce Springsteen 21. juli. Backstage på Valle Hovin gjekk det opp for henne kven som hadde bestilt manikyr.
- Eg kom til Valle Hovin i det ærend å lage ein plekternagl på ein gitarist, men at det var sjefen sjølv hadde eg aldri trudd. Eg må sei at det eigentleg var ganske underleg å sitte aleine på eit rom saman med Bruce Springsteen og halde han i handa, seier Haugen som er utdanna hudterapeut og negledesigner, og jobbar for firmaet Beth's Beauty i Oslo.
Høflig og grei
På bloggen sin komikerfrue.no fortel ho om ein svært jordnær Springsteen.
- Han var veldig høflig og grei, og det var muleg å snakke med han på same måte som om ein snakkar med kven som helst eigentleg. Det var rett og slett veldig hyggeleg. Eg vart tatt vel i mot av alle som jobbar der, og eg fekk sitte med kongen så lenge eg meinte det var nødvendig. Little Steven var der også. Alle saman, fortel Haugen.
Surrealistisk
- Vi snakka litt om 22. juli, om minnemarkeringa som skulle vere, og at det ville vere ein viktig dag for mange menneske, på både godt og ondt. Bruce Springsteen bryr seg verkeleg, det merka eg godt. Han er eit varmt menneske, og det var godt å oppleve, fortel Haugen.
- Så var det heile over. Eg fekk ta bilde og fekke ein klem, og så stod eg utanfor igjen. Eg måtte le litt, for dette var surrealistisk!
Og plekternaglen heldt godt, til trass for ein litt starstruck negledesigner. Haugen fekk gleda av å nyte konserten i Oslo som varte i heile tre timar og 20 minutt.
Uventa møte med "The Boss"
- Publisert dato:
- tysdag 24. juli 2012, klokka 14.43.32
- Sist endra:
- tysdag 24. juli 2012, klokka 14.54.23
- Artikkelforfattar:
- Janne-Marit M. Falch
- Synspunkt på artikkelen?
- red@mre.no
Tips ein ven
Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.
