
* Sokneprest i Ørsta, Matias Austrheim.
Ørstingen Guro Vartdal Håvoll var eit av dei 69 ofra etter terroren på Utøya 22. juli i fjor. I tillegg miste åtte personar livet i bombeåtaket mot Regjeringskvartalet. Den næraste familien til Guro vil vere i Oslo på dagen, men sokneprest Austrheim ventar at det vil kome litt ekstra folk i kyrkja denne dagen.
- Vi finn det naturleg å markere det sidan årsdagen fell på ein søndag. Først og fremst med tanke på dei næraste, men også fordi dette er eit kollektivt traume for folket og landet, seier han.
Livets under og livets sorg
Det vert ei kontrastfylt gudsteneste.
- Vi har tre barn som skal verte døypte. Vi får kjenne på livets glede og underet over eit nytt liv, samstundes som vi også kjenner ekstra sterkt på sorga over det som skjedde 22. juli, seier Austrheim.
- Eg vil berøre dette i preika. Eg vil snakke litt om verdiar og om kjærleik og fellesskap, men også om vondskapen som plutseleg er så nær. Det er noko vi alle saman kan kome til å kjenne på, og vi må ta val på å ta avstand frå det når vi står i livets valsituasjonar.
Kollekt
Også leiar for Arbeidarpartiet i Ørsta, Petter Bjørdal, vil vere til stades i kyrkja, og Austrheim har bedt han seie nokre ord, først og fremst knytt opp mot Guro Vartdal Håvoll.
- Guro var eit veldig samfunnsengasjert menneske med engasjement for både dei som stod henne nært og for dei langt vekke. Under gudstenesta vil det vere kollekt som går til eit vassprosjekt i Etiopia. I samband med gravferda vart det oppretta ei minnegåve til dette prosjektet, og det vil vi ta eit offer til, gjennom Kirkens Nødhjelp, fortel Austrheim.
Den norske kyrkja har skrive ei spesiell forbøn i høve årsdagen for terrorhandlingane.
