
* Svein Solhaug og Jonas Kvalen. Foto: Nina Kvalen.
Den proffklare voldingen Jonas Kvalen (20) og makkeren Svein Solhaug (21) frå Oslo er klare for sluttspelet i hovudrunda i EM U23 i sandvolleyball. Det vart klart alt etter første dag med innleiande puljespel. Arrangementet går føre seg i Assen i Nederland.
I den første EM-kampen møtte dei norske gutane eit portugisisk lag som var seeda som nr. 8 i turneringa. Kvalen/Solhaug, som er seeda som nr. 17 slo portugisarane enkelt 2-0 (21-9, 21-13) etter godt blokkspel av Jonas og gode mottak av Svein.
God motstand i Sveits
I andre kampen mot Sveits, som er seeda som nr. 5, møtte dei norske gutane betre motstand. Kampen gjekk i regnver og tidvis mykje vind, og Jonas og Svein fekk ein dårleg start og tapte førstesettet 21-18. I andre settet kom dei betre i gang. Blokkspelet til Jonas "Kvalhauser" Kvalen vart tilslutt avgjerande for siger, saman med god serving og mottaksspel av Svein Solhaug. Dei tok tidleg leiinga i settet og heldt forspranget til dei teknisk gode og det "sandvolleyballsmarte" spelet til sveitsarane. Kvalen/Solhaug vann andresettet 21-19. I det avgjerande tredjesettet klarte Jonas og Svein å halde oppe trykket og vise fram særdeles godt volleyballspel. Blokkspelet til Jonas slo ut alle sveitserane sine angrep. Dette saman med godt lagspel og Svein sine gode servar og mottak avgjorde kampen, som dei norske talentfulle spelarane vann 2-1 etter 15-8 siger i tiebreak.
Sluttspel
Det er 24 lag med i turneringa fordelt på seks puljer. Dei to beste laga i kvar pulje og dei fire beste trearane går inn i sluttspelet, og tal lag vert redusert til 16. Etter puljespelet vert det spelt dobbel eliminasjon; kvart lag må tape to kampar for å bli slått ut av EM-turneringa.
