annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kviven vert ikkje E39 før hausten 2013

* Ut av Kvivstunnelen mot Grodås, april 2012. Opninga av den nye samferdselsåra mellom Sunnmøre og Sogn og Fjordane skjer 22. september.

Grunna rassikringa i Hjartåberget vert ikkje Kvivsvegen ein del av E39 før hausten 2013. Dette kjem fram i eit brev Statens vegvesen har skrive til Eid kommune. 

Det er avisa Fjordabladet som skriv dette. I brevet heiter det at Stigedalen skal vere E39 fram til arbeidet i Hjartåberget er ferdig, og at ferjesambandet Volda-Folkestad heller ikkje vert overført frå staten til Møre og Romsdal fylkeskommune før denne rassikringa er realisert. Når Stigedalen vert fylkesveg hausten 2013 er det opp til Sogn og Fjordane fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune å bestemme standard på vegen, og kva slags drift og vedlikehald den skal få.

Ikkje ny status
Vidare skriv Fjordabladet at det i brevet til Eid kommune vert kommentert spørsmålet om Stigedalsvegen skal få ny status som Interregional sambindingsveg med riksvegstatus. Statens vegvesen understrekar her at veglova opererer med riksveg og fylkesveg, og at ønsket om å innføre ein ny vegstandard er noko som må gjerast gjennom politisk arbeid og lovendring.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.