
* Hurtigruten Polarlys besøkte Volda i januar i år. Snart kan skipet verte eit fast innslag i Hjørundfjorden i Ørsta.
Den klassiske båtreisa møter den klassiske vestlandsfjorden. I løpet av elleve septemberdagar vil alle hurtigruteskipa gå til det mange meiner er verdas vakraste fjord - Hjørundfjorden i Ørsta.
- Vi skal etterstrebe det å vere eit unikt og autentisk reiselivsprodukt, og testen i Hjørundfjorden er ein del av dette arbeidet. Det er ein fjord med ein heilt fantastisk natur, med fjell i hav, elvar og stadar med fascinerande historier. Det var hit cruiseskipa gjekk i den norske turismen sin spede start, rundt tida då Hurtigruten vart etablert i 1893, seier kommunikasjonssjef Ragnar Norum i Hurtigruten ASA.
Turar og bussutflukt
Frå 15. september til og med 25. september vil hurtigruteskipa i tur og orden segle inn Hjørundfjorden og til Øye ved Norangsdalen, eit av dei villaste og trongaste dalføra i landet. Gjestane vil få mulegheit til å gå turar i dei vakre omgjevnadane og delta på ein bussutflukt opp til det lokale utkikspunktet.
- Hurtigruten har aldri tidlegare gått inn til Hjørundfjorden som ein del av ruta. Målet med dei elleve testseglingane er å kartlegge dei operasjonelle mulegheitene i området, og ikkje minst få tilbakemeldingar frå gjestane om deira oppleving av reisa. Om dette er så bra som vi håper vil vi prøve å få Hjørundfjorden inn som eit fast innslag i haustkonseptet "Autumn Gold" alt frå 2013, seier Norum.
For oss er det eit viktig grep i å skape unike opplevingar og få vise fram dei verkeleg store perlene vi har langs kysten. Vi gler oss til dette.
