Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Vart pressa av vegen


Fredag ettermiddag vart ein lastebil pressa ut av vegen av ein bubil. Sjåføren var heldig, og fekk berre mindre skadar.

Fredag ettermiddag var det ei trafikkulykke på Vartdalsstranda. Ifølje den første personen som kom til ulukka, Bjørn Inge Ulset, var det ein møtande bil med campingvogn, som hadde lege inn på vogntoget si køyrebane.

Sjåføren av vogntoget prøvde å unngå kollisjon og la seg ut på sida av vegen. Dermed kom eit hjulsett utanfor med resultat at heile vogntoget hamna i grøfta.

Køyrde vidare
Bilen med campingvogna forsette på køyreturen sin, og stoppa ikkje for å sjå korleis det gjekk med lastebilen. Om sjåføren av personbilen var klar over at lastebilen hamna i grøfta er uvisst.

Til legevakta
Sjåføren av lastebilen vart frakta til legevakta for å få sjekka noko skader, men ifølje Ulset var det ikkje  alvorlege skader.
- Han var veldig heldig. Om det hadde vore med ein passasjer så kunne det gått skikkeleg gale, for heile høgresida av bilen er knust, forklarte han.

Varsla naudetatane
Ulset køyrde tilfeldigvis forbi ulukkesstaden, og var den første som stoppa. Han ringte til naudetatane, og fekk sette ut naudtrekant. Seinare kom ambulanse og frakta sjåføren til legevakta. Politiet var til stades og dirigerte trafikken som køyrde forbi då Møre kom til ulukkesstaden.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.