
Det Grøne Treet kan risikere at dei får midlertidig inndrege skjenkjeløyve. Det er Volda kommune som eventuelet står for inndraginga etter at ein skjenkjekontroll i slutten av juni rapporterer om brot på lova.
Skjenkjekontrollen har hatt to kontrollar ved Det Grøne Treet. No legg kommunen vekk den eine saka, den andre har dei ikkje avgjort enno.
Volda kommune har sendt brev til Det Grøne Treet og viser til skjenkjekontrollen som vart utført 12. mai.
I brevet vert det peika på at kontrollrapport viser alvorlege brot på alkohollova. Det vart observert ein person som var openbart påverka av rusmiddel i lokala, og det gjekk føre seg skjenking til openbart påverka person.
Tilleggsrapporten frå Nordenfjeldske Kontroll kom ikkje kommunen i hende før nesten to månader etter at kontrollen vart gjort, 28. juni og for Trude Lid/Det Grøne Treet i møte 3. juli. Kommunen konkluderer med at ein slik avstand i tid ikkje er tilfredsstillande.
Rådmannen finn ut frå ei samla vurdering, at saka vert avslutta frå kommunen si side. Dette grunngir han med å leggje avgjerande vekt på tidsforløpet i høve å kunne ha gode rutinar og handle raskt.
Førehandsvarsel om stenging
Kommunen har også sendt ut førehandsvarsel om ei periode med inndraging av skjenkjeløyvet for Det Grøne Treet. Då viser kommunen til kontrollen som var ved skjenkestaden i slutten av juni. Ved denne rapporten er det også sendt inn tilleggsrapport samtidig.
No har Volda kommune ”juni-saka” til behandling.
- Virka som om treet skulle takast
I laurdags-Møre sa Trude Lid at ho ikkje hadde tillit til objektiv vurdering av skjenkjesaka. I torsdags-Møre peika Ivar Otto Kristiansen, sambuaren til Trude Lid, på at det virka som om kommunen hadde ein "bestillingskontroll" som bad om at Det Grøne Treet skulle takast under "juni-kontrollen".
