
Fredag
ettermiddag om lag kl 1630, hendte det eit trafikkuhell på Ose i Ørsta.
Ein MC-førar i retning Volda trefte ein bil som var på veg inn til Rema
1000 på Ose.
Det vart ingen alvorlege personskadar, men
MC-føraren vart likevel køyrd til Volda sjukehus for ein sjekk. Ifølgje
betjent Grete Hjelle på staden, kan det sjå ut til at bilføraren nok
ikkje var heilt merksam då han svinga inn til Rema 1000. MC-føraren såg
bilen og klarte å bremse, men velta og slo hovudet i panseret på bilen.
Det er ikkje mistanke om promille. Politibetjenten omtala begge førarane
som ”godt vaksne”.
