Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Volda vert innestengt i ein bomring


Planleggarane i Statens vegvesen, Siv Sundgot og Leif Magne Lillebakk orienterte om håpet for å få Voldatunnel. Svaret til Lillebakk er ein bomring rundt Volda.


Det skal ikkje bli enkelt å få finansiert bygging av Voldatunnelen. På møtet om Voldatunnelen tysdag 26. juli  gjorde fagleiaren på bompengefinansiering i Vegvesenet det klart at einaste måten å få tunnelen på, er å legge ein bompengering rundt Volda som det vert umuleg å snike seg forbi!

Det vert ikkje mindre utfordrande å vere samferdselspolitikar framover.
På møtet om Voldatunnelen tysdag stilte Statens vegvesen med ein av sine mest sentrale planleggarar på bompengefinansiering, - Leif Magne Lillebakk, som var herleg klar i si orientering om kva vi kan vente oss med tanke på utbygging av ein framtidig ferjefri E39 gjennom vårt område.

Bompengefinansiering

For å ta Voldatunnelen først, så viste Lillebakk til at det ikkje er med finansiering av den i Nasjonal transportplan for 2014 - 2023. Og skal den få prioritet her, så er det utallinge andre store vegprosjekt den må konkurrere med på strekninga mellom Stavanger og Trondheim.
- Det som kan vere ei finansieringsløysing for Voldatunnelen, er det som vert opna for i stamvegutgreiinga. Der vert det sagt at med bompengeopplegg så kan prosjekt prioriterast høgare. Så det mest aktuelle for finansiering av Voldatunnelen, er som bompengeprosjekt. Og det som då er aktuelt her, er å få det til med bomring. Så målet her må vere å sjå om det går an å mekke saman eit opplegg for bompengefinansiering, sa Lillebakk.
Han stadfesta også at med bomring her, så meinte han ei finansiering etter bypakkemodellen.

- Men dette har fylkestinget med stort fleirtal avvist for dette prosjektet?
- Ja, eg har registrert det.  Men her er eg litt usikker på kva det er fylkestinget eigentleg har sagt. Det vi må vere klar over er at når det gjeld å få til noko på dette område, så er det ein dynamisk prosess. Når det gjeld å få ei løysing for Voldatunnelen, så ligg den etter mitt syn i at det er lokale trafikkantar som må bompengefinansiere den, seier fagmannen på bompengeprosjekt.

All trafikk ut og inn av Volda må betale
Skal det bli bompengefinansiering av Voldatunnelen, så er det også lagt inn i planane at 70 prosent av finansieringa må kome lokalt frå gjennom bompengefinansiering. Og for å klare det må det ifølgje Lillebakk etablerast slik  at ingen skal kunne kome seg unna betaling i bomringen.
På møtet fekk også Lillebakk spørsmål om kvifor Statens vegvesen i sine planar for ein framtidig ferjefri europaveg gjennom Møre og Romsdal  framleis held på "Volda - Festøy" - og ikkje går over til Hafast  når det er det fylkestinget seier det skal satsast på.
Lillebakk og Statens vegvesen sitt svar på det, var at det så langt ikkje finst tekniske løysingar for å bygge Hafast, - og at det vil gå fleire tiår før det kan bli aktuelt. Og så sa Lillebakk at innan den tid vil det måtte gjerast arbeid med å forbetre vegnettet. Og at den forbetringa prioriterer dei å gjere mot Fefast!
Han sa ikkje gløym Hafast, men var klar på at prosjektet iallfall ligg langt fram i tid.



Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.