annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Storslått Jonsokfeiring


* Jonsokbålet på Bratteberg var årets største i Volda.

Laurdag rauk det over heile Volda, då små og store var ute for å nyte den varme Jonsok-kvelden.

Overalt var det blide og måla fjes, latter og god stemning. Sjølv om skyene til tider såg trugande ut, heldt regnet seg vekk og årets lengste dag gjekk inn i ein lang og nydeleg sommarkveld.

Det største bålet kunne du finne ved Bratteberg skule, der jenter 16 og 17 frå VTI-fotball og Heltene/Bratteberg grendelag inviterte til grilling, fantetog og tombola. Her kunne ein vinne alt frå gåvekort på Rokken til ansiktsreins og lypsyl.

Mange feiringar
På Haualeite var det, på tradisjonelt vis, liv og røre til langt utover kvelden, med bogeskyting, fantetog, rømmegraut, spekemår, pølser, vaflar, kaker, kaffi og brus.
Ved fotballbana «Tuesprett» bak omsorgssenteret samla naboar og andre kjente seg til grilling og årleg fotballkamp mellom borna og dei vaksne.


* Adele på 5 år og Thea på 3 i fantetåget på Bratteberg.


* Sjølv om det stort sett var dei små som kledde seg ut, var òg nokre av dei vaksne med på moro. Familien Kristiansen var blant dei. Mamma Alice som tiger, Kaisa som pusekatt, Nils Jacob som indianar og pappa Dagfinn som rockestjerne.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.