
* Eigar Torill H. Bjørneset (t.v.) og tilsett Heiki Weise ønskjer kundane velkomne til nyoppussa lokale i Hamnegata.
Onsdag var det tid for nyopning av parfymeriet Cosmetique ved Volda Glasmagasin i Hamnegata.
- No får vi eit vesentleg større utval av parfyme enn vi har hatt tidlegare, strålar butikkinnehavar Torill H. Bjørneset.
Cosmetique har halde til på Spinneriet dei to siste åra, men denne veka vart butikken flytta saman med Volda Glasmagasin sitt parfymeri. I går var det nyopning for butikken, som kjem til å halde på Cosmetique-namnet.
Ønskje om fornying
- I utgangspunktet måtte vi pusse opp på grunn av ei lekkasje, men vi har lenge hatt ønskje om å fornye oss. No får vi også samla oss på ein stad, og det dreg både vi og kundane nytte av. Lokala er pussa opp, det same er kjellaren, der det no vert sal av koffertar og reiseeffektar, fortel Torill H. Bjørneset. Ho eig begge parfymeria, som no vert ein og same butikk. Men salet av glas, bestikk, skap, kommodar og nips er i ferd med å fasast ut ved Volda Glasmagasin.
