Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Fint besøk i Voldsfjorden


Skipet snudde rett utanfor Vikeneskaia og mange møtte opp for å få med seg det flotte synet.


Søndag kveld fekk Voldsfjorden eit uventa besøk med at turistskipet Empress tok ein kveldstur innom.

Mange fekk nyte synet av det flotte skipet då det majestetisk og stille seig inn Voldsfjorden. Det starta ferda si innover allereie i 21-tida og var ikkje ute att før i 22.30-tida.

Skipet er på 692 fot, har plass til 2.020 passasjerar og eit mannskap på 668. Empress held ei marsjfart på 19,5 knop, men inn Voldsfjorden var farta i eit mykje rolegare tempo.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.