
* Alle kom seg velberga ut av den brennande bilen. Foto: Torbjørn Nes.
Kl 23.17 onsdag vart det meldt om ein bilbrann på Bjørnaset i Volda.
Brannvesen frå Straumshamn og ambulanse frå både Nordfjordeid og Volda rykte ut til ulukkesstaden.
Tor Erik Bjørneset i Straumshamn brannvesen var ein av dei som rykte ut, saman med fem andre.
- Det var tre personar i bilen. Det hadde begynt å ryke frå motoren mens dei køyrde. Dei stoppa og gjekk ut av bilen, og då dei opna panseret oppdaga dei at det brann. Det var ein liten bekk i nærleiken, så vi fekk sløkt brannen. Det er ikkje alltid vi er så heldige, for vi har ikkje tankbil, fortel Bjørneset.
Ein av dei tre personane vart med ambulansen til Volda for ein sjekk etter å ha fått i seg litt røyk.
