Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Førdesprinten – sesongavslutning for voldasymjarane



På grunn av streiken, hang årets Førdesprint i ein tynn tråd. Men alt ordna seg og voldasymjarane fekk reise til den populære cupen.


Tradisjonelt brukar voldasymjarane å reise til Førde første helga i juni for å delta på Førdesprinten, ein konkurranse beståande berre av 50- og 100 meterar der sprintforma vert testa. I år hang arrangementet i ein tynn tråd grunna streiken, men lukkelegvis fekk Førde IL dispensasjon slik at symjestemnet kunne avviklast laurdag og søndag. Det var dei 250 deltakande symjarane glade for, frå klubbar frå Kristiansund nord til Bergen i sør.

Resultatliste for Voldasymjarane

Stor deltaking
Deltakinga var altså solid, ikkje berre i kvantitet, men også i kvalitet. På stemnet stilte bl.a. AaSLK med sine sterkaste symjarar, med den ferske EM-deltakaren og jr.-rekordhaldaren Veronica Orheim Bjørlykke i spissen. Eit inspirerande selskap for våre eigne symjarar, som hevda seg godt i dette selskapet. Totalt gjorde dei 9 voldasymjarane 50 individuelle startar, der det vart sett personleg rekord i 28 av dei.

Anja fekk bestemannspremie
Jenter 96 vart trekt ut som årsklassen der premie for beste prestasjon skulle bli delt ut. Vi forstod då at Anja Heltne hadde sjanse til å ta den, trass sterk konkurranse frå bergensymjarane. Anja er vår mest utprega sprintar, og trivst best på 50 og 100 fri. Ho vann begge desse distansane, og for 100 meteren på 1.08,36 fekk ho bestejentepremien, ein flott DAB-radio. Sjølv om ho ikkje set personlege rekordar denne gongen, gjennomfører ho gode løp, spesielt på den siste 50 fri der ho lukkast med nokre tekniske detaljar ho jobbar med. I tillegg til fridistansane vinn ho 50 bryst (42,63), og får 3. plass på 50 rygg (38,41) og 100 medley (1.25,48).

Stafettbronse
Jentene sumde ein flott 4x50 medley og tok 3. plassen bak Førde og Åstveit (Bergen), der 19 lag deltok. På laget stilte Ingrid Godager (rygg), Malin Bjørdal (bryst), Kristine Godager (butterfly) og Anja Heltne (crawl). Gutane sumde også medleystafett og tok ein flott 6. plass (12 deltakande lag), med Jomar Håskjold, Håvard Hasund, Sander Hallaråker og Bjarte Båtevik.
Mixlaget på 4x50 fri med Jomar Håskjold, Håvard Hasund, Kristine Godager og Anja Heltne tok 7.-plassen, av 23 deltakande lag – ein flott prestasjon. Andrelaget til Volda kom på 19. plass, med Sander Hallaråker, Ingrid Godager, Malin Bjørdal og Bjarte M. Båtevik.

Gjennombrot for Håvard og Kristine
Håvard Hasund og Kristine Godager gjer sine beste konkurransar i karrieren på Førdesprinten. Såpass sterkt kan vi formulere oss, når dei set kraftige personlege rekordar på alt dei deltek i. Begge har i delar av denne sesongen ikkje fått godt nok betalt for treninga dei har gjennomført, men på årets siste stemne losna det. Håvard hevdar seg best i brystsymjing, og tek to 4.-plassar i den harde 97-årsklassen. 38,01 på 50 bryst er framgang med 2,5 sek, og 1.21,91 på 100 meteren er 6 sek betre enn førre pers. 100 fri for første gong under 1.10 på 1.09,79, og solid framgang på 100 rygg med 1.18,58 og 5. plass er vi nøgde med.
Kristine var den som viste best form og framgang på dette stemnet. Spesielt i crawl har ho ei heilt anna fart i bassenget enn tidlegare. 4. plass på 100 fri med 1.11,89 er 5 sek pers. Bronsemedaljen kom på 50 fri på ny solid bestetid 33,06. Ho sym også fortare enn nokon gong på 50 rygg (6. plass og 42,92), 50 butterfly (5. plass og 39,72), og ikkje minst på 100 medley med ny 5. plass på 1.27,03. Dette lovar godt for neste sesong.

Fleire flotte persar
Ingrid Godager, søstera til Kristine, hadde og eit stort stemne. Som Håvard hevdar ho seg best i brystsymjinga, og ho får kommentarar for si gode tekniske symjing. Denne gongen kom ikkje persen på 50 meteren – 45,48 gav likevel sølvmedalje – men derimot på 100 meteren. Den sumde ho for første gong under 1.40 til 1,39,87 og 3. plass. På fri tek ho 6. plass på 100 (1.24,58 og ny pers) og 8. plass på 50 meteren (38, 41). Ingrid har også utvikla seg som ryggsymjar, og forbetrar seg kraftig på den distansen til 6. plass med 1.40,70.
Malin Bjørdal har også framgang. Det viser ho tydelegast på 50 fri der den nye persen lyder på 38,41, men også på 100 meteren med 1.27,36 og ny pers. Ho sym også 50 butterfly på ny bestetid 48,26.
Bjarte Mattland Båtevik var nok ikkje like nøgd med alle distansane han sumde, men sette likevel fleire personlege rekordar. Han sum for første gong under 50 blank på 50 rygg, no på 49,16. Vidare viser tidene at han har blitt betre på brystsymjinga, med nye persar både på 50 og 100 meter. Det vart ein flott 5. plass på den korte distansen med 53,35, og på den dobbelte 8. plass med 1.51,87.  
Sander Hallaråker lukkast endeleg skikkeleg på 50 bryst. Forbetring frå 43,48 til 41,96 på to månader er mykje på ein 50 meter, ein prestasjon som vart lønna med bronsemedalje. Men resten av stemnet var han mindre fornøgd med, det blei med denne eine persen. Likevel sum han sine nest beste løp på mange av distansane: 4. plass på 100 fri med 1.15,19, 4. plass på 100 rygg med 1.28,31, ny bronsemedalje på 100 bryst med 1.34,50 og det same på 50 rygg med 41,65.
Jenny Karin Mikalsen sette også ein ny fin personleg rekord. Den kom på første øving 100 fri med 1.17,76, 1,5 sek betre enn førre pers og 9. plass. Sidan ho deltok berre på laurdagen, vart det tre distansar på henne. Ho sumde 100 medley på 7. plass med 1.32,52, men den beste plasseringa hennar denne gongen var 6. plass på 100 rygg med 1.32,35.

Voldas raskaste gut i år

Etter Førdesprinten er det Jomar Håskjold. Han har i år vist at han er ein langdistansesymjar, men har fått opp tempoet på dei korte distansane også. På siste øving sumde han 50 fri på 30,96, og kom dermed øvst på rankinglista over voldagutane på sprintdistansen. Trenar og mastersymjar Jørund Fet måtte finne seg i å rykkje ned på 2. plass – og det er vel på sin plass. Jomar flytta også på bestetida på 100 fri, no på 1.07,70 (8. plass). Han gjer ein god 100 rygg like over pers, 1.18,47 og 4. plass, men sym svakare enn tidlegare på 100 medley (1.18,74 og 6. plass), 100 bryst (1.37,51 og 8. plass) samt 100 butterfly (1.25,66 og 5. plass). Noko blanda resultat frå Jomar, men god crawl- og ryggsymjing er fasiten.
Alt i alt ei flott sesongavlutting frå voldasymjarane, som også fekk tid til å kose seg med grillmat laurdagskvelden på ein idyllisk stad inst ved Dalsfjorden (utanfor Førde).




Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.