annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ein person til sjukehus



Ein person vart køyrt til Volda sjukehus etter at bilen ho køyrde hamna i tunnelveggen i Eiksundtunnelen. Seinare på natta vart ho frakta til Ålesund. Det var ingen andre bilar innblanda i ulukka.

Video frå ulukkesstaden

Det var i 01.30-tida, natt til tysdag, at politiet fekk meldinga frå ein forbipasserande om at ein bil med ein førar i hadde blitt utsett for ei ulukke. Ulukkesbilen, ei stasjonsvogn, var på veg nedover frå Volda-sida og hamna i tunnelveggen på venstre sida. Første gongen bilen skrensa mot i tunnelveggen, var rett før botnen av tunnelen. I ferda vidare støytte den mot fortauskanten og tunnelveggen fleire gonger, før den stoppa i enden av den flate strekninga på botnen av Eiksundtunnelen. To av hjula vart slått av bilen, som sigla vidare på asfalten.

Det var ei kvinne i 20-åra som køyrde bilen og ho vart frakta til Volda sjukehus. Seinare på natta vart ho frakta til Ålesund sjukehus. Politiet opplyser at tilstanden er stabil, men uklart  skadeomfang.

Brannvesen frå både Volda og Ulstein, samt politi og ambulanse rykte ut til ulukkesstaden. Tunnelen var stengt til bilen vart taua vekk.

Eiksundtunnelen er verdas djupaste tunnel.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.