Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

"Lev livet" vann tre MK-OSKAR


* Joakim Larsen og Randi Nordnes er med i dokumentarfilmen «Lev livet», som vann heile tre prisar på MK-OSKAR 2012. Dei har også laga filmen, saman med Julianne Lillebø. Foto: Ida-Marie Fiskaa.


MK-OSKAR er medielinja ved Volda vidaregåande skule sin eigen variant av The Academy Awards, populært kalla The Oscars. I år stakk dokumentarfilmen ”Lev livet” av med så mange som tre prisar.

Sjå "Lev livet"


Dokumentarfilmen «Lev livet», laga av Randi Nordnes, Joakim Larsen og Julianne Lillebø vann prisane Beste film, Årets produkt og Publikumsprisen.  – Vi hadde nok venta å få kanskje éin pris på grunn av tidlegare tilbakemeldingar, men vi hadde aldri førestelt oss å få tre prisar, seier Randi Nordnes.  Dei tre produsentane er einige i at det er ein personleg, meiningsfull og viktig film.

"Lev livet" handlar om Randi Nordnes og sjukdommen Spinal Muskel Atrofi type 3.

Under MK-OSKAR, vert elevane sine produkt nominert innan sjangrane: Film, foto, animasjon, design, lyd og avis.



Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.