
Fredag ettermiddag var det lange køer ved ferjekaia i Volda. Dette etter at Austefjordvegen stengde natt til torsdag.
Sjå video frå køa
-
Vi har merka at vegen er stengd ja. Trafikken er merkbart større både
morgon og ettermiddag, stadfestar Trond Nesset ombord i MF Folkestad.
Han held fram at tidlegare har det vore god plass på morgonavgangane,
men dei siste dagane har ferjene i tidsrommet 07.00-08.00 vore temmeleg
fulle.
Ikkje ekstraferje
Sidan fylket ikkje har sett
av midlar til ekstra ferjekapasitet over Voldsfjorden, er det einaste
tiltaket for å lette trafikkavviklinga manuell dirigering frå Nortrax
sine folk. Desse tek seg hovudsakleg av trafikkdirigering om
ettermiddagane, då det er størst press på ferjekapasiteten.
-
Trafikken byrjar å bygge seg opp i tretida, og når klokka bikkar fire
tek det laust for alvor, forklarer Nesset. Dagens situasjon minner om då
Austefjordvegen vart stengd av ras i oktober/november 2011; også den
gongen var det stor trafikk over ferjesambandet. Dette har gitt
ferjeselskapet verdfull erfaring til å takle slike utfordringar, men no i
starten av sommaren må ein belage seg på turistar i tillegg til
fastbuande.
- Mitt råd er at folk køyrer saman dersom dei kan. Då
vert det færre bilar å dirigere, og betre plass på ferja, seier Nesset.
Austefjordvegen vert stengd fram til 12. juli.
