
På grunn av auka trafikk over Voldsfjorden og lang ferjekø, har Statens vegvesen sett opp fareskilt på Ekset.
På grunn av at Austefjordvegen er stengd har trafikken over Voldsfjorden
auka. Det er ikkje sett av pengar til å sette inn ekstraferje. Difor er
det sett i gong tiltak på land, som skal unngå kaos og uventa
situasjonar. Eitt av dei er å førebu bilistane på at her kan det bli
kaos. Dermed er det sett opp varsel om kva som er ventande ut om
Eksetsvingen.
