Det var på veg oppover at tankbilen fekk motorstopp. Foto: Asbjørn Humberset.
I 17.30-tida torsdag fekk ein tankbil motorproblem i
Eiksundtunnelen, og det utvikla seg mykje røyk. Difor vart ein redde for at det hadde gått varmgang i tankbilen.
Politiet kan roe folk med at det er ikkje er snakk om varmgang og at det ikkje er fare for brann.
Tunnelen vart stengt, men politiet på staden har opna tunnelen att. Det er dirigering forbi der tankbilen står. Politiet melder at ein redningsbil er på veg og at denne er venta framme i 18-tida.
