
* Om Ulvestad skule vert lagt ned, vil flesteparten av foreldra på Lauvstad sende borna sine til Dalsfjord skule. (arkivfoto)
Sjølv
om det ikkje kan ha vore lett, kjem foreldre på Lauvstad med ei svært
viktig avklaring i skulestriden i krinsen. Dei tek 15 av elevane på
Ulvestad over til nyeskulen litt lenger inne.
Dermed
er grunnlaget vekke for å starte privatskule på Ulvestad. Utspelet som
kom no, gjer også at politikarane vert nøydde til å seie klarare frå om
kva skulestrukturen skal vere.
Lang og vanskeleg sak
Det
har lenge vore klart at det er slett ikkje alle foreldre med elevar på
Ulvestad skule som kan tenkje seg å vere med på ei
privatskuleetablering der i staden for å samle alle elevane i krinsen på
nyeskulen på Dravlaus. Og no har foreldre til 15 born i Ulvestadbygda
skulekrins informert skulekontoret om kva dei meiner som er best for
borna. Informasjonen gir også politikarane høve til å kome med klarare
signal om skulestruktur i området enn dei har klart til no.
Det
foreldra med Guro K. G. Grønbech og Per Erling Parr Sætre som
talspersonar poengterer, er at saka kring skulestrukturen har vore både
lang og vanskeleg, og at den har tæra på menneska og relasjonar i
bygdene det gjeld. Dei håper no på ei god og endeleg løysing til beste
for borna snarast råd.
Vil styrke fellesskapet
Og
så poengterer dei i skrivet til kommunen at dei ønskjer fred og
forsoning i saka, og at dei no vil vidare i arbeid til beste for bygda
og fjorden.
- Me set pris på det offentlege skuletilbodet
som Ulvestad skule gjev. Slik situasjonen og barnetala i Ulvestadbygda
og resten av vestsida av fjorden no har vorte, ser me det som best at
borna frå vestsida av Dalsfjorden vert samla i felles klassekull. Dette
for å få eit så godt fagleg og sosialt tilbod som råd er, og for ein
framtidsretta bygdestruktur, skriv dei.
Det dei vidare
peikar på er at når det ikkje vart vedteke å samle 1. til 4. klasse på
Ulvestad, og 5. til 10. klasse på Dalsfjord skule, så ser dei på full
samlokalisering som beste løysinga. Dei meiner dette vil styrke det offentlege skuletilbodet i området, samle fagleg kompetanse og der er tilgang til symjebasseng Difor
er meldinga deira at skulle Ulvestad skule bli lagt ned, så vil dei
nytte seg av det næraste offentlege skuletilbodet som vert Dalsfjord.
Ønskjer barnehagen på Ulvestad
Det
dei ikkje ønskjer endring av er SFO-tilbodet på Ulvestad. Dette
fungerer godt for alle, så dette ønskjer dei å oppretthalde. Det same
gjer dei for barnehagen der. Dei grunngir dette med at det er frå
Lauvstad dei har ferjesamband til Volda. Og dei meiner at den gode
logistikken dette gir for levering og henting av borna er viktig dersom
ein ønskjer å legge til rette for tilflytting.
Korleis dei
vil ha organisert SFO-tilbodet her samtidig som dei ønskjer at
skuletilbodet skal vere på Dalsfjord, skriv dei ikkje meir om.
Det
dei konkluderer med, er at tidene endrar seg, og at dei ønskjer å sjå
framover og at dei har tru på framtida til bygdene på vestsida av
Dalsfjorden. Det dei først og fremst vil er å ha fokus på borna si
positive utvikling.
- Eit godt skuletilbod er viktig for
innbyggjarar og tilflyttarar. Å stå saman og samarbeide vil gjere
bygdene sterke, levande og meir attraktive for innbyggjarar og
eventuelle etablerarar, meiner dei.
På linje med det som har vore tilrådinga
På
skulekontoret ser dei på innspelet som ei viktig avklaring. Per Ivar
Kongsvik på skulekontoret merkar seg at noko uttalen stadfestar, er at
det ikkje er eintydig kva dei føresette meiner vil gje det beste
skuletilbodet for elevane som i dag går ved Ulvestad skule.
Elles
tek han til vitande at foreldre til så mange som 15 elevar i og under
skulepliktig alder er på line med administrasjonen når ein ser ei
samlokalisering som det beste sosiale, faglege og mest framtidsretta
alternativet. Sett i lys av at det neste skuleår vil vere 21 elevar ved
Ulvestad skule, er dette ein stor del av elevgrunnlaget, minner Kongsvik
om.
Viktig avklaring i skulestrid
- Publisert dato:
- torsdag 31. mai 2012, klokka 09.36.13
- Sist endra:
- torsdag 31. mai 2012, klokka 09.42.21
- Artikkelforfattar:
- Inge Kløvning
- Synspunkt på artikkelen?
- red@mre.no
Tips ein ven
Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.
