Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Hageglede på Mork


NØGDE: Arild Bakke og Turid Mork Bakke er nøgde med hagen som dei har brukt sju år på å få i stand.


Torsdag inviterte Ørsta hagelag til hagevandring i hagen til Arild Bakke og Turid Mork Bakke på Mork.


Ekteparet Bakke sit på verandaen i den strålande sola og ventar på dei nysgjerrige besøkjande. Rundt heile huset bognar det av blomar og buskar. Ei lita, konstruert elv klukkar muntert. I bakken nedom huset har dei mura opp stiar og platå innimellom alle dei grøne og fargerike plantane. Ekteparet er samde om ein ting, det gir ro i sjela å vere i hagen.

Sjuårig prosjekt
Familien Bakke flytta inn i huset på Mork i jula 2004. Dei byrja med hageprosjektet allereie den fyrste sommaren og har hatt mykje glede av det. Arild har mura og Turid har planta.
    – Vi hadde aldri nokon plan, hagen vart til medan vi dreiv på. Den einaste planen vi har hatt er å verte ferdig ein dag, fortel Arild.
Sju år etter er dei endeleg nøgde og berre vedlikehald står igjen. Hagen består i hovudtrekk av rododendron, vintergrønt og roser. I hagen og i dei to drivhusa deira finn du òg aprikos, fersken, kiwi, tomat, morellar, pærer, eple, plommer, bringebær, jordbær, solbær og rips.
– Vi lagde hermetiserte fersken i fjor, og det er noko av den beste desserten eg har smakt. Noko heilt anna enn dei du kjøper, smiler Turid.
Ho fortel at ei hageinteressert mor i nabohuset er til stor hjelp med både drivhusa og hagen.


Rododendronmani
Rododendron er den største lidenskapen til Turid, noko som viser att i hagen. Her er over 300 planter, og rundt 100 forskjellige rododendronsortar. Dei eldste vart planta for 7 år sida, då dei flytta inn.
    – Eg synest dei var fine, og fekk litt samlemani, seier Turid.
Ho fortel at det ikkje er så mykje arbeid med dei sidan dei ordnar seg mykje sjølv. Dessutan blomstrar rododendronen no, og rosene seinare i sommar, slik at det er farge i hagen heile sommaren. For å halde rododendronen nøgde gjødslar ho dei to gongar i året, tidleg på våren og tidleg på sommaren. Dei vil òg ha sur jord, som du kan finne i skogen. Barnåler og liknande er fint å bruke i bedet.
– Det er himmel på jord å vere i hagen. Det er spanande å sjå om plantane veks seg til og om ein får dei til, avsluttar Turid før ho slår seg ned på verandaen med mannen og blomsterentusiastane for ein kaffikopp.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.