annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Stortap for Volda


Averøykameratene - Volda    5-1   (3-0): Eit par av sunnmørslag måtte reise slukøyra heim med mange baklengs  i sekken denne serierunda. Volda var diverre eitt av dei.

I strålande sommarver,  på Bruhagen stadion på Averøya, vann heimelaget heile 5-1. Fortent nok, om enn i største laget. Vegard Hellebust laga Volda sitt mål.
Det vart ein tung kamp for Volda denne gongen. Ei lang reise i sommarvarmen og det at ein mangla eit par sentrale spelarar forklarer ikkje alt. Ein møtte eit for dagen betre lag, i alle fall i effektivitet, og når måla i mot kom på ugunstige tidspunkt vart ein på ein måte "hengande etter" i jakta på redusering  og poeng, og verknaden vart då det motsette av det ein ønska seg mot kontringssterke AK.


Laurdag kjem Elnesvågen på vitjing, dei har vore mykje opp og ned i dei første serierundene, men vann heile 4-0 over Sunndal sist. Så nok ein vanskeleg kamp er i vente!

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.