Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Høgtidsbadarane



* Nokre studentar på Idrettslina ved Høgskulen har feira høgtidsdagar med å bade. Sommar som vinter. Her markerer dei 17. mai. Fv: Fredrik Johansen, Emil Strand, Eva-Lill Karenstuen, Katinka Ulimoen, Simon Wester Tostrup, Gjermund Gytri, Even Røed, Ole Martin Helland Korsnes, Esben Tipple (i lufta)


Medan vi vanlege hadde fått på oss finstasen og marsjerte i barnetoget, var det ein gjeng idrettsstudentar som starta nasjonaldagen med å ta 17. mai-badet i Hamnebassenget i Vold
a.

Sjå videoreportasje frå badinga 17. mai.

-    Berre friskt, seier dei etterpå. Men ut frå blå lipper må ein vurdere det dit hen at det må ha vore litt kaldt.

Høgtidsbading

Det er ikkje første gongen idrettsstudentane på Høgskulen i Volda hoppar i havet til litt uvanlege tider. Faktisk har det utvikla seg til å bli ein tradisjon knytt til høgtidsdagar.
-    Det starta med at vi laga vår eigen, litt spesielle, adventskalender. Då bada vi i den iskalde Voldsfjorden kvar søndag i advent, fortel Emil Strand. – No har den harde kjernen på eit par tre stykke vakse og vi har hoppa i havet fleire gongar.
For å markere nasjonaldagen hadde dei med norske flagg, som vel å merke ikkje var med ned i det kalde fjordvatnet.

Stilige foto
Den eigentlege drivkrafta som låg bak ekstrembadinga, var å få ta litt spektakulære foto. Og det har den barske gjengen fått.






Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.