Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Kaos i Vikane


Køen stod gjennom Vikane til Sanitetshuset. (Foto: Inge Kløvning)

Fredag ettermiddag var det trafikkaos i Vikane. I 15.30-tida var det kø frå ferjekaia til Sanitetshuset.

Pinsetrafikken har sett inn og som åra tidlegare pakka det seg litt ved ferjekaia i Volda. Men det har aldri før vore så gale som fredag. Då stod trafikken gjennom heile Vikane.

Får auka trafikk til hausten
Trafikkbiletet fredag gir eit sterkt signal om at strekninga har stor trafikk, noko som truleg vil auke kraftig når Kviven står ferdig til hausten.

20 års perspektiv mot dagens trafikkproblem
Samtidig som trafikkaoset utspann seg i Vikane sat formannskapspolitikarane i Volda Ørsta  samla og diskuterte løysing for å få byggje Voldatunnel. Det er ein debatt som har eit 20-års perspektiv.

Vil avlaste ferja, men likevel store utfordringar
Mre.no har all grunn til å tru at noko av ferjeproblematikken vil gi seg når Kviven avlastar ferjestrekninga, men det vil likevel vere ei trafikkert rute over fjorden og den smale vegen inn gjennom Vikane vil få auka trafikk. No opplevde trafikantane gjennom Volda eit trafikkaos dei umuleg kan ha sett for seg. Denne gongen var det på sommarføre, neste gong kan det vere langt meir alvorleg med vinterglatt veg opp Elvadalen. Hendinga fredag er med på å aktualisere nødvendigheita av å ruste opp vegen inn gjennom Vikane, gjennom Volda sentrum og opp Elvadalen. Sett i eit 20-års perspektiv så er det heilt nødvendig å få fortgang i arbeidet.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.