Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Sponsa sykkelveg til borna


* Frå arbeidet med den nye sykkelbana.


Borna i Austefjorden har levd med Kvivsvegutbygginga i fleire år. No har dei fått sin eigen veg, takka vere NCC og Mesta.

- Vi må får rette ei stor takk til NCC som gjorde sykkelbana på leikeplassen i Austefjorden til ein realitet! Dei har verkeleg gitt noko tilbake til bygda som mange vil få stor glede av, seier Ingrid Holsvik.

Interessert i maskiner
Holsvik held fram at borna i Austefjorden og på Bjørke alltid har vore over gjennomsnittet interessert i maskiner og store kjøretøy, og at interessa ikkje akkurat har vorte mindre med den store aktiviteten på Kvivsvegen.
- Med sponsing frå NCC og Mesta har borna no fått sine eigne vegar, med rundkøyring og fartsdumpar, som dei kan boltre seg på. Kanskje er nokre av dei maskinførarar ved NCC eller Mesta om nokre år? seier ho smilande. 

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.