Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Bil hamna på sida midt på vegen


Ein bil på veg nedover Stigedalen på Bjørkedalssida, køyrde i grøfta og vart slengt fram på vegen att. Dei som sat i bilen vart køyrde til Nordfjord sjukehus på Eid.

Det var i 18-tida 17. mai, at ulukka skjedde. Alle redningsetatar vart kalla ut. Frå Nordfjordeid kom der ambulanse og bergingsbil. Brannkorpset på Straumshamn rykte ut med tre mann.

- Det var ein liten personbil på veg nedover Stigedalen, som hamna utfor vegen etter ein høgresving. Ulukkessvingen var ikkje den farlege Hauasvingen, men ein krapp ein som ligg litt lenger framme, fortel brannkonstabel i Straumshamn brannkorps Odd-Johan Fremmerlid. - Bilen hadde køyrt utfor vegen på øvresida i svingen, så gjekk den rundt langs vegkanten før den stoppa liggande på sida, midt på vegen, omlag 30-40 meter nedanfor svingen. Den låg slik at trafikken kunne passere.

Rydda opp
Då Straumshamn brannkorps kom fram til ulukkespunktet, var dei som var i bilen blitt frakta til Nordfjord sjukehus med ambulanse. Oppgåva til brannkorpset var å rydde vegbana.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.