Hipp, hipp, hurra! Nasjonaldagen vart heidra på ein framifrå måte med barnetog gjennom Volda sine gater.
Trass i at skodda kraup tett rundt Rotsethornet og alle andre fjell, så var folk i både festklednad og -stemning.
- Vi skal vere glade så lenge det ikkje regnar, og dessutan slepp vi å renne vekk vi som brukar bunadar. Dette er heilt greitt bunadsver, var det fleire som sa.
Dagen gjekk på tradisjonelt vis, men her og der var det putta inn nyt innhald. Som til dømes urframføring av Veterankorpset sin eigen låt, som har sterkt maritim preg med både måseskrik og tøff-tøff frå den gode og gamle Volda-motoren.
Fotoa til denne artikkelen er henta frå Barnetoget i Volda.








