annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Damelaget tok første siger


Camilla Aure vart dagens kvinne då Volda sitt damelag i fotball slo Sykkylven 4–0 på Volda Stadion tysdag 15. mai.

Det var aldri tvil om kva lag som var best på bana, og ved pause stod det 3–0 til Volda. Sigeren kunne godt vore større etter spel og sjansar, så det var faktisk ei litt mellomfornøgd stemning på tribunen og blant spelarar og trenarar etter kampen. Men trenar Jens Dankertsen var glad for at laget tok årets første siger.

Voldas Camilla Aure er av dei aller ivrigaste måljegerane i 2. divisjon og scora så seint som i fjor fem mål i ein kamp. I kampen mot Sykkylven scora ho både på brassespark, på straffe og med eit langskot, så Aure har eit stort register.

Volda har fått ein start litt i underkant av det ein kunne håpe på i årets 2. divisjon og står med fire poeng på fem kampar. Neste kamp blir borte mot Sunndal før det blir nytt sunnmørsoppgjer mot Hødd. 

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.