
I helga blir Rema 1000 Volda Cup arrangert på Volda Stadion, og dette blir den første store barneturneringa på Søre Sunnmøre. 123 lag er påmelde, som er like mange som i fjor.
For arrangør og deltakarar er det gledeleg med eit stabilt høgt tal påmelde lag. Mange lag og nye motstandarar er attraktivt for dei som legg vekt på dei sportslege kvalitetane ved slike turneringar. Blant anna deltek Florø med fleire lag i turneringa.
VTI Fotball og Rema 1000 har samarbeidd om turneringa sidan 2006, og Rema 1000 Volda Cup held stillinga som ei av dei største fotballturneringane på Søre Sunnmøre. Næraste konkurrent er nok Bendit Cup, som VTI Fotball også arrangerer til hausten.
Dei som er aller mest spente er nok dei yngste spelarane der mange til helga spelar sine aller første fotballkampar.
VTI Fotball satsar på «fair play» og spesielt med tanke på dei yngste spelarane oppmodar klubben trenarar og foreldre til å sette seg inn i fotballens foreldrevettreglar for å gjere både Rema 1000 Volda Cup og treningar og kampar elles til ei best mogleg oppleving.
Her er foreldrevettreglane
1. Støtt opp om klubbens arbeid – gjennom foreldremøte blir fotballen og klubbens verdisyn forankra.
2. Møt fram til kampar og treningar – du er viktig både for spelarane og miljøet.
3. Gje oppmuntring til alle spelarane i med- og motgang – dette gjev tryggleik, trivsel og motivasjon for å vere med i fotballfamilien lenge.
4. Vi har alle ansvar for kampmiljøet – gje ros til begge lag for gode prestasjonar og «fair play».
5. Respekter at det er trenaren som er kampleiar – konstruktiv dialog om dette tek ein med trenar og klubb etter kampen.
6. Respekter dommaren si avgjersle – sjølv om du av og til er usamd!
7. Det er barnet ditt som spelar fotball. Opptre positivt og støttande – då er du ein god medspelar!
