
Fredag ettermiddag: Ein konkurranserobåt med fem personar kantra i området ved Molaupen i Hjørundfjorden. Totalt var det tre båtar som la ut frå Ålesund tidligare på dag.
Politiet fekk melding om at ein konkurranserobåt var sakna i Hjørundfjorden. Totalt var det tre konkurranserobåtar som hadde lagt ut frå Ålesund. I Hjørundfjorden miste den eine kontakta med dei to andre og det var personane som var i ein av dei to båtane som gav melding om den sakna båten kl. 16.24.
Slo full alarm
Hovudredningssentralen for Sør Noreg slo full alarm og dirigerte redningsmannskap mot området i Hjørundfjorden der ein meinte den sakna båten måtte vere. Skyssbåten MS Baltasar frå Trandal, vart også kalla ut. Mannskapet ombord på skyssbåten var dei som var nærast den aktuelle staden og kom først fram.
- Då dei gjekk i søk, fann dei robåten og mannskapet på fem. Alle hadde redningsvestar på seg, men dei var utsett for nedkjøling. Den eine kraftigare enn dei andre. Alle vart frakta til Ålesund sjukehus, den eine med helikopter, dei fire andre med redningsskøyta, opplyser Asbjørn Viste som er vakthavande ved Hovudredningssentralen Sør Norge.
Sterk vind
Robåten, med fire roarar og ein ved roret, vart overraska av sterkare vind enn dei venta. Dermed fekk dei problem og kantra.
Tre helikopter, Sea King frå Florø og Ørlandet samt Luftambulanse, var med i aksjonen. Dei hadde med redningsdykkarar frå brannvesenet. Redningsskøyta kom frå Ålesund.
Det var Hovudredningssentralen for Sør Noreg som leia operasjonen.
