annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Lekkasje og ombygging på Tussatun


Toppetasjen på Tussatun skal byggjast om. I byggjeperioden vil delar av Tussa Kraft og Tussa Energi ha kontor i Haugen i Åmdalen.

Grunnen til ombygginga er lekkasje i 2. etasje, som kjem frå verandaen som går rundt heile etasjen over. Etter fåfengde forsøk på tetting, skal ein no byggje igjen verandaen. Ombygginga startar i mai, og vil vere ferdig i løpet av september/oktober i år dersom alt går etter planen.

Flyttar til Haugen 

I byggjeperioden må dei som har kontor i 3. etasje flytte ut. Sidan det allereie er for få kontorplassar på Tussatun, er det ikkje mogleg å flytte internt på bygget. Løysinga blir å ta i bruk Tussa Kraft sitt tidlegare administrasjonsbygg i Haugen i Åmdalen i Ørsta. På grunn av kontorsituasjonen på Tussatun generelt, og manglande kapasitet til å huse alle, vil også delar av Tussa Energi bli flytta frå Tussatun til Åmdalen.

Tussa Kraft, som har tilhald på Tussatun i dag, og kraftverkseksjonen i Tussa Energi, flyttar inn i Haugen i månadsskiftet mai/juni.  

Resepsjonist/sekretariat blir framleis å finne på Tussatun.  

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.