Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Jonas og Sigurd på herrelandslaget


Det norske herrelandslaget i volleyball 2012 med to voldingar på laget. Jonas med nummer 1 på drakta og Sigurd med nummer 6.

Jonas Kvalen og Sigurd Van Dijk Festøy  har markert seg i volleyball på tur med  herrelandslaget til  Polen og Slovakia


Voldingane Jonas Kvalen (19) og Sigurd Van Dijk Festøy (20) kom nettopp heim frå Polen  etter eit vellukka  treningsopphald med seniorlandslaget i volleyball. I løpet av  det sju dagar lange opphaldet  hadde herrelandslaget elleve treningsøkter og fem treningskampar, derav ein kamp i Slovakia.  Noreg vann fire av dei fem kampane, som gjekk mot førstedivisjonslag og proffe U23-lag.
Dei to unge voldaspelarane gjorde det svært bra på samlingane, og fekk mykje speletid og tillit frå landslagstrenarane.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.