
Volda vann heile 6–0 over nykommaren Dahle i 3. divisjonsoppgjeret på
Volda stadion første laurdagen i mai. Då burde våren ha kome. I staden
lava det ned med snø, utan at det sette ein stoppar for scoringskåte
spelarar.
Ein solid kamp av Volda der dei var sine gjestar overlegne i begge endar
av bana. Forsvaret tok det meste og ineffektive dahlespelarar hjelpte
til med resten, og framme var ein dødeleg effektive denne gongen, i alle
fall om ein ser vekk frå siste kvarteret.
Neste stopp er Gurskebotn og River Plate, Larsnes/Gursken seie nye
heimebane, på fredag. Dei gjekk på eit tap mot Sunndal sist og er
sikkert revansjesugne, så der må ein trå til endå ein gong!
Volda med overlegen siger mot Dahle
- Publisert dato:
- sundag 6. mai 2012, klokka 21.49.22
- Sist endra:
- sundag 6. mai 2012, klokka 21.49.22
- Artikkelforfattar:
- Audun Grimstad
- Synspunkt på artikkelen?
- red@mre.no
Tips ein ven
Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.
