
* Her skulle Isak Husøy hatt straffe etter ein klar dytt i ryggen. Foto: Audun Grimstad.
Det vart eit 4-2 tap for Volda onsdag kveld, då dei vitja Hødd sine nest beste til seriekamp nr. 4 for året. Etter ein ganske jamn førsteomgang tok heimnelaget over etter pause og vann fortent nok, sjølv om Volda kom sterkt på slutten, med mellom anna ei scoring frå 40 meter av Isak Husøy. Bjørnar Bakke Liaskar laga det første målet for Volda, ei perle frå 18 meter.
Ein bra førsteomgang av Volda, der ein turde å spele ball og gå i angrep. Etterkvart vart ein litt slitne og kanskje også litt feige, og heimelaget Hødd 2 fekk ta over. Særleg første halvtimen av andre omgang vart det mykje Hødd, men så livna gutane til att mot slutten.
Laurdag er det ny kamp, mot nyopprykka Dahle, heime på Volda stadion. Då bør det bli tre poeng om ein ikkje skal plassere seg i nedrykksstriden allereide før 17. mai!
