Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Trafikkaos på E39 mellom Volda og Ørsta


Laurdag i 13-tida var det trafikkaos i Hovdebakken. (Foto: Janne-Marit M. Falch)

Snøfallet laurdag morgon har ført til glatte vegar. I Hovdebakken førte det til fullstendig trafikkaos.

På grunn av fineveret i veka som har gått og at våren var i anmarsj, er det  mange som har lagt om til sommardekk. Dermed var det få bilar som var skodde for snøfallet  vi opplevde laurdag morgon. På den trafikkerte Europavegen var det full stopp på grunn av glatt føre i Hovdebakken. Dermed vart det lange køar, både mot Volda og Ørsta. Etter bilførarar som Mre.no har vore i kontakt med i 13-tida laurdag, er det kø frå Furene til Ørsta sentrum.

- Vi jobbar med saka og har fått hjelp frå brøytemannskap frå flyplassen for å rydde vegen, opplyser dei ved politiet sin operasjonsentral i Ålesund.


Både politi og ambulanse er på plass.  Politiet melder om at det ikkje er snakk om kollisjon og personskade, men glatt vegbane og bilar med sommardekk. (Foto: Janne-Marit M. Falch)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.