Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Stemme frå himmel og helvete


Yosef Wolde-Mariam kapra Knut Arve Eilsertsen på sitt lag.

Knut Arve Eilertsen (47)  imponerte under fredagens "The Voice" Med ei hes og varm stemme fekk han to av mentorane til å snu seg. Og tilbakemeldingane var flotte.


- Han er ein sterk ein, kommenterte Yosef Wolde-Mariam etter at voldingen Knut Arve Eilertsen hadde valt å gå  på laget hans. Og det gjorde han framfor å velje Hanne Sørvaag.

Himmel og helvete
- Det høyrest ut som  himmel og helvete i stemma di. Du blir ein stor bidragsytar om du vel mitt lag, sa Yosef til Eilertsen før han hadde bestemt seg.

Mjukt og varmt
Også Hanne Sørvaag var imponert.- Dette var mjukt og varmt og det høyrest ut som om du har levd eit liv gjennom stemma di, sa ho og ville ha Eilertsen på sitt lag.

Men Eilertsen valde Yosef.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.