
Bandet
Aerophobia imponerte stort under helga si kulturmønstring UKM.
Vokalist Kjetil Hallaråker fortel at dei fire gutane bruke mykje av tida
si på å dyrke musikkinteressa.
– Eg har instrument i heile huset og driv med fire band ved
sidan av, også dei andre i bandet er veldig opptekne i musikkprosjekt,
seier han.
Hallaråker fortel også at dei ynskje å nå så langt som mogleg med musikken.
–
Som mange andre er vi i Aerophobia med i UKM for å vinne, og for å
kunne vise fram musikken vår. Målet vårt er å kunne gi ut plate og gi
folk sjanse til å høyre på musikken vår som vi har tru på, samtidig som
vi ynskjer å ein dag kunne leve av det vi driv med og kunne fokusere på å
utvikle oss som musikarar, seier han.
Hallaråker meiner UKM er ein bra arena for unge.
–
Ein får sjansen til å stikke seg fram og bli kjent med folk samtidig
som vi får gjere det vi liker å gjere best, nemleg å stå på ei scene.
Les meir frå UKM i Møre tysdag 6. mars.
