
* Simon Eiksund har sett seg grundig inn i rolla som Fame-deltakaren Bruno.
Med så dårleg tid er det ikkje berre skuletida som vert disponert.
Elevane må i tillegg ta i bruk både friminutt og fritid for å komme i
mål.
Svært utfordrande
Blant elevane som har
hovudrollene er stemninga svært spent, seier Simon Eiksund (18) frå 3.
klasse ved musikklinja. Han skal spele rolla som Bruno, ein av
deltakarane i talentshowet musikalen handlar om.
- Vi har dei siste
vekene brukt mykje tid på å sette oss inn i dei ulike rollene, noko som
er mykje lettare sagt enn gjort. Ettersom rolla eg spelar er forelska
måtte eg praktisk talt vere forelska sjølv, noko som utan tvil er svært
utfordrande. Han set seg nærare pianoet og spelar nokre romantiske tonar
medan han smiler lurt. Idag brukte han fritimen sin på å spele inn eit
filmklipp i midttimen, og sjølv om det er kjekt å kjenne at ein jobber
blir det kanskje litt tungt i lengda, seier Simon og smiler.
Mindre synlege
At
musikklinja gjer ein strålande jobb under musikalen er det ingen tvil
om. Mindre synlege er elevane frå medielinja, som brukar dagane på å
legge til rette for det som skal skje på scena. Are Sætre (17) frå
medialinja fryktar derimot ikkje at publikum gløymer dei.
-
Medielinja blir meir og meir synleg for kvart år som går, og i år
kanskje meir ein nokon gong. Medielinja har alltid marknadsført
musikalen, men tidlegare har ein ikkje sett så mykje av dei på scena. I
år skjer det mykje i mediefagleg, også på scena. Eg kan ikkje røpe for
mykje, men publikum har mykje spennande å vente seg, også frå oss, seier
Are og smiler lurt.
Jan
Terje Eidset (36) er medielærar og manusforfattar for musikalen. Han er
tydeleg på at han har høge forventningar til elevane sine.
-
Samarbeidet vi ser under eit prosjekt som dette får verkeleg håra til å
reise seg. Musikalen bringer fram det absolutt beste i elevane, både dei
som driv med musikk og dei som driv med media. Sjølv dei elevane som
kanskje ikkje tek skulen like seriøst blir igjen etter skuletid og
jobbar. Ettersom mange av musikkelevane ikkje alltid har like mange
musikktimar kvar dag har dei eigentleg ikkje noko val, vi kan trass alt
ikkje bruke dei vanlege teoritimane på eit musikalprosjekt. Vanlegvis
ville dei protestert om vi spurte dei om dei ville ta seg ein tur innom
på ein søndag, men no kjem dei av si eiga frie vilje. Jan Terje smiler
stolt og ser utover klassa si. - Dei er verkeleg ein fantastisk gjeng!
* Manusforfattar Jan Terje Eidset diskuterer filmsekvensar til framsyninga saman med medieelev Are Sander Olsson Sætre.
