
Hurtigruta MS Polarlys vekte stor oppsikt då den la til kai i Volda i starten av januar. (arkivfoto)
Ordførar
Arild Iversen har bede Hurtigruta til Volda fleire gongar. I svarbrevet
seier dei at Hjørundfjorden vert vurdert i 2013, men ikkje Volda.
-
For kort tid sidan besøkte MS Polarlys Volda i samband med ein
nødvendig reparasjon ved Scana Volda. Besøket vekte stor og positiv
interesse den veka skipet låg til kai her. På vegner av innbyggjarane i
Volda vil eg takke spesielt for at skipet vart opna for publikum laurdag
7. januar. Det vart registrert over 5.000 besøkande den dagen, og i
ettertid har mange omtala tiltaket som ei gledeleg oppleving, skriv
ordføraren innleiingsvis i brevet til Hurtigruta ASA.
60.000 innbyggjarar
Iversen opplyser at Volda er i ferd med å bli eit geografisk midtpunkt med både Eiksundsamband og Kvivsveg.
-
Desse nye vegsambanda knyter saman ein region på over 60.000
innbyggjarar som får mindre enn 60 minutt reisetid til Volda, forklarer
han. Ordføraren held fram at Høgskulen i Volda har over 3.000 studentar,
og at Ørsta/Volda lufthamn er den raskast veksande regionflyplassen i
landet, med omlag 100.000 reisande kvart år.
- I denne regionen er det mange som reiser både sørover mot
Bergen og nordover mot Trondheim. Det vil glede mange om Volda for
framtida vert vurdert som ein del av hurtigruta sitt rutenett langs
kysten, anten med daglege ruter eller i sommarhalvåret; gjerne i
kombinasjon med turistruter i fjordane på søre Sunnmøre, avsluttar
Iversen.
Volda gjorde inntrykk
- Det som er heilt sikkert er at Volda har gjort eit godt inntrykk på
heile organisasjonen vår, og at hurtigruta gjerne kjem tilbake når
sjansen byr seg, slår kommunikasjonssjef Ragnar Norum fast.
I eit svarbrev til ordførar Arild Iversen, takkar
kommunikasjonssjef Ragnar Norum for den fantastiske mottakinga MS
Polarlys fekk i Volda. Men han opplyser at dei utanom den normale ruta gjennom Sunnmøre, ikkje har høve til å besøkje andre stader enn Geiranger
Vurderer Hjørundfjorden
- Vi vurderer imidlertid anløpet av Geiranger, og konkret så ser vi på
moglegheita for å segle inn Hjørundfjorden i staden. Det er mogleg at
denne endringa skal testast i 2013, men det vil nok heller ikkje føre
til faste anløp av Volda, forklarer kommunikasjonssjefen.

