
Mykje tyder på at helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) vil oppnemne Marthe Styve Holte (th) som styreleiar for Helse Midt-Norge.
Adresseavisen skriv at voldingen Marthe Styve Holte får det prestisjetunge oppdraget med å vere styreleiar for Helse Midt-Norge.
Det
kan sjå ut som om ingen i styret i Helse Midt-Norge får fornya tillit
når nytt styre blir oppnemnt av helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen
(Ap) til neste veke. Det er Adresseavisen som skriv dette.
Etter det
Adresseavisen seier, har departementet slite med å få på plass eit nytt
styre. Fleire skal ha sagt nei til å bli styreleiar, mellom andre den
profilerte Marit Arnstad.
I Trøndelagsfylka har meldinga skapt røre
på grunn av at ingen av Ap sine folk har blitt oppnemnt i det nye
styret. Fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik, tek også
atterhald om at opplysningane er korrekte, men kallar avgjerda uklok.

