
Rundt 20 frivillige frå Volda og Ørsta Røde Kors Hjelpekorps var med under ein stor leiteaksjon i Ulstein.
Natt til torsdag vart det sett i gang ein leiteaksjon etter ei 85 år gamal kvinne i Ulsteinvik. Ho vart sist observert i det ho gjekk frå huset sitt i sentrum kl 1630 tysdag 17. januar.
Mannskap
frå politiet, Røde Kors og Norske Redningshundar deltok i søket. Eit
SeaKing redningshelikopter søkte i området med varmesøkjande kamera,
utan resultat.
Omlag 20 frivillige personar frå både Volda og Ørsta sine lag av Røde Kors Hjelpekorps var med under aksjonen. Dei vart sett inn i søk kl. 0200 natt til torsdag.
Oppdatering:
Torsdag kl. 11.55 melde politiet sin vaktsentral i Ålesund at kvinna hadde blitt funnen ute i terrenget om lag ein km frå der ho budde. Det var ei hundeekvipasje frå Norske redningshunder som fann den sakna.

