Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Gode tal for Sunnmøre


* Lensmennene Guttorm Hagen og Jostein Vatne kan gle seg over gode tal for politiet på Sunnmøre.


Sunnmøre politidistrikt har låg kriminalitet og høg oppklaringsprosent. - Det er trygt å bu og ferdast på Sunnmøre, seier politiet i ei pressemelding.


- Dei gode resultata er det eit heilt politidistrikt som står bak og viser at vi har usedvanleg gode medarbeidarar som brenn for arbeidet sitt, og som står på for å få resultat. Vi har eit stramt budsjett, men får mykje og god polititeneste ut av kvar krone, seier politimeister Jon Steven Hasseldal.

Høg oppklaringsprosent
Sunnmøre har 28 forbrytelsar per 1.000 innbyggjarar, og det er berre i Sogn og Fjordane at talet er lågare. I tillegg til lite kriminalitet har Sunnmøre politidistrikt ei auke på 3,2 prosent på oppklarte saker til 46 prosent, mot eit landsgjennomsnitt på 38 prosent.
Men når det gjeld straffesaker hadde politidistriktet ei auke i 2011. Årsaka er i hovudsak politiet sin innsats retta mot trafikk, narkotika og vald.
- Dette er område der høge tal viser at det er gjort eit godt arbeid. Vi avdekkjer meir kriminalitet gjennom auka innsats, seier politimeisteren.

Meir narkotika og seksualforbrytelsar
Det vart meldt inn 743 narkotikasaker i 2011, mot 674 i 2010. Av desse er 15 karakterisert som "større" saker. Her har politiet i Volda og Ørsta oppklart og avdekka fleire store saker.
Elles synk talet på vinningskriminalitet på Sunnmøre, som elles i landet. Innbrotstjuveri frå villa har gått ned med 38 prosent sidan 2008, innbrotstjuveri frå leilegheit har gått ned med 50 prosent, og frå hytte 55 prosent.
Det vart meldt 121 seksualforbrytelsar i 2011, mot 76 i 2010. I ei tiårsperiode er det  berre eitt år det har vore meldt fleire saker innanfor denne kategorien. Men politiet seier at det er store mørketal, og at det er vanskeleg å seie om tala representerer ei faktisk auka kriminalitet, eller om det er ei auke i den meldte kriminaliteten.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.