Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Thriller i Voldahallen

* Malene Aambakk har skåra nok eit mål og vert tiljubla av Volda-keeper Runa Vik. Vik gjorde ein kjempejobb i mål, og sørgja for å halde Molde på avstand.

Volda sine handballjenter sikra seg to viktige poeng i ein kampthriller mot Molde i Voldahallen tysdag. Dei to topplaga spelte ein jamn og spennande kamp.

Sluttresultatet viste 30-22 i Volda sin favør, men det var først i sluttminutta at det var heilt klart at det var Volda som ville gå av med sigeren.
- Vi turte ikkje å puste ut før dei siste fem minutta, seier leiar for Volda Handballklubb, Arild Bakke.
Pauseresultatet viste 15-12.

Jamn kamp
Dei to laga følgde kvarandre tett heilt frå starten, men Volda hadde heile tida eit lite tak på moldensarane. Men ikkje meir enn at dei måtte kjempe for å halde på leiinga. Kampen var prega av mange tøffe taklingar  utan at det vart nokon stygg kamp. Dommarbrødrene Strandemann hadde god kontroll i  kampen.
Voldajentene drog lasset saman og viste godt lagspel på bana.
- Spesielt i første omgang utmerka Eva Bjørk seg. Ho er den mest rutinerte spelaren vi har og er sentral både i forsvar og angrep. Ho gjorde ein fantastisk førsteomgang. Kjekt var det å sjå at også Malene Aambakk, etter ein litt vanskelig start, kom sterkare og sterkare utover i kampen, seier Bakke.
Også keeper Runa Vik utmerka seg med fleire flotte redningar i kampen. Trenar Alfred Ørn Finnsson var spesielt godt nøgd med forsvarsspelet.
– Det var først og fremst at vi greidde å stå i mot Molde sine gode skyttarar og stoppe innspela til strek, som la grunnlaget for denne sigeren. Det var ein skikkelig lagsiger, seier ein letta Alfred Ørn Finnsson til Møre.

* Aldri før har så mange møtt opp for å sjå Volda spele handballkamp. Over 450 personar fann vegen til tribunene tysdag. 

Publikumsrekord
No gjenstår det åtte kampar denne sesongen, fem på heimebane og tre på bortebane. Og det er definitivt ein fordel å spele på heimebane. Voldahallen kokte då sluttsignalet gjekk tysdag. Over 450 tilskodarar er publikumsrekord. Voldahandballen engasjerer heilt tydeleg, og publikum heia fram jentene undervegs i heile kampen.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.