Henrik Angermund (31) frå Bergen og Mathias Lillestøl (21) frå
Ålesund vil ha både lokalsamfunn og studentar med på ”Rotevatnet rundt ”
21. januar.
Rotevatnet rundt var for ei tid tilbake eit populært årleg løp. No
kan snart både studentar og voldingar atter ta del i arrangementet, som
går under mottoet ”Et løp for alle og kvar og ein”.
Etter
mange års fråvær gjer arrangementet ”Rotevatnet rundt” comeback. Bak
løpet står høgskulestudentane Henrik Angermund frå Bergen og Mathias
Lillestøl frå Ålesund. Dei ser føre seg å ha til saman fem løp, éin
laurdag éin gong i månaden, frå januar til mai. Start og mål vert på
Stadion og første løp er laurdag 21. januar, klokka 13.00. Påmelding frå
kl 12:00-12.30.
Månadleg
– Vi har sett at dei
arrangerer liknande løp andre stader i nærleiken, og vi har mellom anna
vore på Hareid og delteke der. Tanken no er å starte opp i Volda også.
Planen er å arrangere ein vårkarusell, der det vert halde Rotevatnet
rundt-løp fem gongar, ein gong i månaden, fram til mai, fortel
Angermund.
Dei to løpsinteresserte studentane hadde berre så vidt
høyrt om at det eksisterte eit løp med same namn tidlegare. Den knapt
sju kilometer lange turen rundt Rotevatnet er framleis rekna som eit av
ti turmål i Volda kommune, og 21. januar går det offisielle løpet av
stabelen.
Vil kveikje friidrettsinteressa
– Vi
visste litt om at det har vore arrangert Rotevatnet rundt tidlegare, og
vi fekk lyst til å starte opp att tradisjonen. Friidretten i Volda har
etter det vi høyrer lege litt nede den siste tida. Men vi kjenner til
mange som er løps- og friidrettsinteresserte her. Det er utruleg viktig å
ha slike månadlege arrangement, for å halde på interessa og få til eit
friluftstilbod som ikkje var her frå før. Dessutan er det ikkje berre
løpet og springinga som er i fokus, vel så viktig er den sosiale biten,
meiner Angermund.
Volda i vinden
Han og Mathias
Lillestøl var nyleg med på å skipe Volda i vinden Idrettslag. Det er
Volda i vinden saman med VTI som står som arrangør av løpet.
– Volda
i vinden er ikkje eit idrettslag med organiserte treningar og slikt,
men vi har fått til eit samarbeid med VTI om å arrangere Rotevatnet
rundt-løpet. Dei hjelper oss mellom anna med det organisatoriske, fortel
Angermund. Rotevatnet rundt skal vere eit løp for alle. Den som vil
springe på tid får høve til det, medan dei som vil gå kan gjere det.
– Det skal vere eit sosialt løp. Her er det rom for alle, lovar Angermund.
Frivillig arbeid
Volda
i vinden Idrettslag arrangerer løpet ved hjelp av frivillig arbeid, men
Angermund seier at håpet er å også få inn nokre sponsorkroner frå
lokale bedrifter. Frivilligsentralen i Volda har også stilt seg positiv
til å stille opp med frivillige hjelparar.
– Vi har sjølvsagt ingen
økonomisk vinning på dette, men det kostar litt å lage til løpet og lage
til plakatar og liknande. Dei lokale aktørane vi har snakka med til no
har vore positive, og vi har eit håp om å få inn litt sponsing. Vi håper
også at dei fleste vi sjå på dette som eit positivt tiltak og at vi får
høg oppslutning om eit felles gode, avsluttar dei to idrettsglade
karane, og legg til at dei ønskjer alle velkomne til Rotevatnet rundt
2012. All informasjon om løpet vil verte lagt ut på trimsida
www.kondis.no.
"Voldapersar"
På verdsveven har det ei
tid eksistert ei side kalla ”Voldapersar”. Dette er ei heimeside for
registrering av personlege tider på nokre av dei mange kjende
treningsrundane i Volda-Ørsta området.
”Jeg vet at mange av dere tar
tiden når dere er ute og trener. Dette er en oppfordring til at disse
tidene kan registreres. Det vil selvsagt ligge prestisje i å ha den
beste "persen" på de ulike turene. Allikevel er dette først og fremst en
konkurranse mot seg sjølv. Det å sammenlikne sine egne tider gjennom
sesongen og frå år til år, kan vonleg gi ekstra motivasjon og glød til
trenings-/mosjonsarbeidet”, skriv Bent Ingebrigtsen på heimesida til
”Voldaperserane”. Det vert også opplyst om at det er opp til kvar enkelt
å gje opp den riktige tida, sidan ”ein til sist lurer berre seg sjølv”
som Ingebrigtsen skriv. På heimesida er der mellom anna ei liste over
dei beste registrerte tidene for Rotevatnet rundt. Andre Haugsbø ligg
førebels øvst på lista, med ei tid på 22.00 minutt, registrert i 2009.
Ronny Ingebrigtsen og Tor Erik Aurstad følgjer på 2. og 3. plass, med
høvesvis 22.31 og 23.15 minutt. Einaste kvinne blant dei 27 som har
registrert tida si på heimesida er Bodil Ryste. Ho har sprunge
Rotevatnet rundt på 27.21 minutt, og ligg no på ein 14. plass. Så spørst
det om dei som velje å springe på tid under det offisielle Rotevatnet
rundt-løpet kan gå inn på ”Voldaperserane” etterpå og registrere endå
betre tider enn dei som er der frå før.

