Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Usemje om utskriving


Helse - og omsorgsdepartementet (HOD) og Kommunenes Sentralforbund (KS) er usamde om kva tid sjukehusa kan melde frå til kommunane om utskrivingsklare pasientar.

Ordførarar og rådmenn i Møre og Romsdal har nyleg motteke fleire brev frå prosjektleiar for samhandlingsreformen i KS, Ann Sissel Misund Nedberg. I breva vert det oppmoda om at kommunene inntil vidare ikkje inngår samarbeidsavtale med Helse Møre og Romsdal. Tilrådinga kjem frå kommunerepresentantane i forhandlingsutvalet i Møre og Romsdal.

Tolking
16. desember hadde forhandlingsgruppa si siste  samling for 2011, med plan om å kome i mål med Samarbeidsavtalen. Tidlegare i veka, 13. desember, kom derimot Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) med eit notat i det nasjonale nettverket, som omhandla ei tolking av tilhøva mellom lovpålagde avtaler og forskrift om kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar. HOD meiner at det ikkje lovleg kan avtalast at varsel  om utskrivingsklar pasient må gjevast på kvardag før klokka 15.00 for at betalingsplikta skal inntre same dag. 

Viktig punkt
- Dette har vore eit svært viktig punkt for kommunane å få med i avtalen, men  Helseføretaket fekk etter denne uttalen frå HOD ikkje høve til å inngå avtaler med kommunane som presiserer ein slik praksis, forklarer Nedberg. Ho minner om at etter KS si tolking av lova, så er det høve til  bruke avtalen til å presisere, tydeleggjere og også avklare spørsmål knytt til utskriving av pasientar, herunder når varsel skal gjevast på døgnet.
- KS er redd for at dette skrivet kan skade både dei gode avtaleprosessane som er i gang og kommunene sin posisjon som likeverdige partnarar. Desse synspunkta har KS sendt til HOD, og det er no ein dialog mellom KS og HOD angående dette, skreiv Nedberg til kommunene før jul.

Har venta på avklaring
I eit nytt brev til kommunane, datert 10. januar, argumenterer Nedberg vidare for at kommunane ikkje bør inngå avtale med helseføretaket før semje er oppnådd.
 - Med forslaget til samarbeidsavtale fekk de informasjon om departementet si tolking av høvet til å avtalefeste tidspunkt for varsling av utskrivingsklare pasientar, som kommunane og KS ikkje er samde i. Forhandlingsutvalet har venta på ei endeleg avklaring frå HOD på dette punktet, men den har framleis ikkje kome, forklarer Nedberg. Ho viser til at Helse Møre og Romsdal føreslår følgjande formulering ut fra HOD si tolking av forskrifta: "Varsel til kommunen skal normalt gjevast mellom klokka 08.00 og 16.00".

 Tilrår ikkje å godta avtalen
 - Kommunerepresentantane i forhandlingsutvalet tilrår ikkje å godta ei avtale formulert som ein intensjon, med varsling også på helg, og tilrår difor ikkje at kommunane inngår avtale med helseføretaket før usemja om tidspunkt for varsling av utskrivingsklare pasientar er avklart. For det fyrste har det stor tyding for ivaretakinga av pasientane sine rettar, og for det andre har det betydelege økonomiske og administrative konsekvensar for den enkelte kommune, vert det forklart. I tillegg til at KS har tatt opp saka, blir det også jobba regionalt frå Møre og Romsdal for å løfte saka opp på nasjonalt politisk nivå for avklaring.
Innan 1. juli 2012 skal alle områda i Samarbeidsavtalen vere ferdig avklart.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.