
Etter opplysningar frå innsida av narkomiljøet i Volda/Ørsta, vert det åtvara om at det vert blanda rottegift i amfetaminen, som vert seld "på gata" i dei to bygdebyane. (Illustrasjonsfoto)
"Observatørar" til det lokale narkotikamiljøet har tipsa Møre om at det
vert blanda rottegift i amfetaminen som vert seld på gata i dei to
bygdene.
Etter det Møre har fått opplyst er det
snakk om så mykje som opp til 20 % rottegift som vert tilsett
amfetaminen. Dermed vert det meir stoff og meir forteneste på dei som
sel stoffet. For prisen på eitt gram rottegift er garantert mykje
lågare enn prisen for eitt gram amfetamin. Vel å merke får Møre opplyst
at prisen kan variere ein del, og på ”gata” i Volda/Ørsta kan den svinge
mellom kr 500,- og 1.000,- kr per gram.
Bivirkningar
–
Folk greier seg slik passe om dei får amfetamin med rottegift i. Dei
vert sjølvsagt ein del dårlegare av det, dei vert veldig plaga av
hovudverk og kan få krampe og kanskje indre blødingar over tid. Men kva
om seljarane ikkje blandar stoffet skikkeleg ut og heile grammet
brukaren har kjøpt er rottegift, seier 2observatøren" til Møre og vil få
folk til å tenkje seg om kva dei sprøyter i seg.
– Folk kan sette livet på spel.
Observatøren har sjølv sett på at rottegifta har blitt blanda i amfetaminen som er meint for ”gatesalet” i Volda.
Det vert også fortalt at det vert blanda aceton i amfetaminen, men observatøren meiner at det ikkje er så farleg som rottegift.
Mange brukarar
Den
uroa "observatøren" meiner at det er minimum 50 personar som brukar
amfetamin i Volda i dag, og truleg nesten like mange i Ørsta. Det vert
peika på at ”speed freeken” ikkje lenger har så lett tilgang på hasj som
før, og alternativet blir amfetamin eller heroin. Eit gram av stoffet
vert oftast delt i fire og kan takast i dosar over kortare eller lenger
tid.
– Nokre brukar to kvartingar i løpet av ein time,
medan andre nøyer seg med ein kvarting kvar sjette eller niande time,
seier den uroa "observatøren". – Det er også dei som blandar amfetamin
og heroin, noko dei vert skuffa over då dei får seg ein sløv tur i
staden for ein opptur.
Når det gjeld samfunnsgruppa som er
brukarar i Volda og Ørsta er det slik som andre stader, alt frå Jørgen
Hattemakar til kong Salomon.
Varsku til foreldre
"Observatøren" vil også kome med ei uromelding til foreldre. - Det er
fleire unge som brukar narkotika i Volda og foreldra burde vere litt
meir kritiske til kva ungane deira gjer på, seier "observatøren" som
seier at det er ei skremande utvikling. - Faktisk veit eg om foreldre
som rusar seg saman med barna. Og det skjer her i Volda!
Lett tilgang
Skal vi tru observatøren er det lettare å få fatt i amfetamin i Volda enn øl og vin.
–
Det skal ta meg ti minutt å få fatt i amfetamin, heroin, kath eller
opiatbaserte tablettar som morfin, til alle døgnets tider. – Gi meg kr
250,-, så skaffar eg det du vil ha, vert det sagt, men med ei klar
åtvaring mot amfetamin som kan innehalde rottegift.

