Simen Bjørdal heldt ein fyrrykande trommesolo det står respekt av!
Ungdomane i Volda viste høgt nivå og stor breidde under Ungdommens kulturmønstring på samfunnshuset laurdag. I løpet av den over tre timar lange førestillinga fekk ein nok ein gong sjå at det finst mange talent i Volda, innan ulike musikkgenrar, film, dans og kunst.
Heile 22 innslag var påmelde til scenedelen av mønstringa, og 24 verk var med på kunstdelen.
Det var ordførar Arild Iversen som klipte snora og dermed opna årets ukm. Han hadde mykje positivt å seie om ungdomane i Volda og det dei får til. Samstundes overrekte han blomar frå Volda kommune til leiaren for Telebygget ungdomshus; May Lisbet Lande. Iversen takka Lande for det viktige arbeidet ho legg ned for Telebygget og ungdomane i Volda.Og dermed var det heile i gong. Konfransierar i år var Simen Rotevatn og Hallvard Kriken Fylling.
Sjå fyldig omtale i Møre tysdag.

